Stoltenberg-regjeringa vil velta meir av kostnadane ved sjukefråvær over på bedriftene! Bjarne Håkon Hanssen & co. vil med dette leggja grunnlaget for eit arbeidsliv tilpassa dei unge og sterke som kan springa fort og hoppa høgt, skriv Roald Agdestein frå LO i Sunnhordland.
Det skal mykje til før trauste og sindige arbeidstakarar hiv seg på telefonen og auser ut svovel og harme over idiotiske vedtak som vert fatta inne i hovudstaden. Folk er vante med bitre dropar frå den kanten, under ulike regjeringar. Men knapt nokon gong har telefonen summa og gløda i kontora til fagrørsla som den har gjort det siste døgnet. Meiningane har vore sterke men samstemde og tindrande klåre.
Arrogant brot på lovnader
Kimen til eldstormen er
regjeringa si omlegging av sjukelønsordninga, noko som av arbeidstakarane
vert oppfatta som eit arrogant brot på lovnader frå politisk hald. Dette er
lovnader gjevne både før og etter siste stortingsval, og sist men ikkje
minst - eit grovt brot på IA-avtalen (avtale om eit inkluderande arbeidsliv).
Folk vert sjuke, det er eit faktum. Sjukefråværet vert ekstra stort når sysselsetjinga er på topp.
Skal eit arbeidsliv vera inkluderande, må ein ta høgde for at folk som av ulike årsaker ikkje klarar 100-meteren på 12 sekund kan vera i arbeid. I tillegg er det no eingong slik at ungar framleis kjem til verda etter den gamle oppskrifta.
Full semje
IA-avtalen vart inngått for å få ned sjukefråværet i
arbeidslivet. Sjukdom er kostbart for bedriftene, både i pengar, og ved at
dei som er friske ofte må ta støyten ved å gjera arbeidet til den sjuke i
tillegg til sitt eige. Dette ekstra arbeidspresset kan føra til meir
sjukdom. Det er såleis full semje mellom bedriftseigarar og tilsette at
fokus på sjukefråvær må vera sterkt, og krev tiltak frå alle partar.
IA-avtalen er eit slikt tiltak.
Ved å leggja slike ekstra kostnader på bedriftene som omlegginga inneber, vil folk som har høg risiko for sjukdom eller er funksjonshemma verta valde bort ved tilsetjing. Den same lagnad vil råka eldre arbeidstakarar og ikkje minst kvinner.
Fortset samarbeidet - utan Hanssen!
Bjarne Håkon Hanssen &
co. vil med dette leggja grunnlaget for eit arbeidsliv tilpassa dei unge og
sterke som kan springa fort og hoppa høgt. Dei andre vert kollektivt
utestengde frå det gode liv! Det tykkjest som om regjeringa alt har lagt inn
sin avskilssøknad – i alle høve har Arbeids- og inkluderingsminister Bjarne
Håkon Hanssen lagt inn sin, og det med ein særdeles kraftig signatur.
LO-organiserte ser fram til at regjeringa omstøyter dette vedtaket og fortset IA-samarbeidet, men utan Bjarne Håkon Hanssen. Han har ikkje lenger tillit!
Roald Agdestein
LO i Sunnhordland
Stord
Helga Pedersen synes det fint at lokale Arbeiderpartilag diskuterer EUs vikarbyrådirektiv, men avviser at debatten kan få partiet til å snu i striden om direktivet skal bli norsk lov. Les mer
Fellesforbundet vil vurdere å varsle streik for reisebedriftene i offshorebransjen dersom de ikke vinner fram med rettferdighetskrav i tarifforhandlingene. Les mer
Motstanden i Arbeiderpartiet mot EUs vikarbyrådirektiv sprer seg på Vestlandet. Nå er det lagt inn forslag om å kreve veto til årsmøtet i Bergen Ap. Les mer
Hundre Fellesforbund-medlemmer ved Reinertsen Installasjon har hatt en gå-sakte-aksjon gående i tre uker. De gir seg ikke før de får et skikkelig lønnstilbud fra arbeidsgiveren. Les mer