Utan mat, pengar eller plass å bu, troppa tre latviske bygningsarbeidarar opp på Fellesforbundet sitt kontor i Leirvik for å be om hjelp.
– Dette er eit av dei grovaste tilfella av sosial dumping me har sett her på Stord, seier Roald Agdestein i Fellesforbundet til magasinett.
Jobba i sokkelesten
Det var oppdragsgjevaren på Stord som slo alarm då han oppdaga dei tre
latviarane på taket i berre sokkelesten. Han vart også uroleg då han fann ut
at dei mangla mat. Latviarane var tilsette gjennom firmaet Norsk stigesalg
og vedlikehold i Ålesund.
Betalte for jobb
Til avisa Sunnhordland fortel ein av arbeidarane, Aigars Davidenis, at dei
betalte rundt 3000 kroner kvar til bakmenn i Latvia for å få telefonnummer
til arbeidsgjevarar i Noreg. I heimlandet er det folk som leiter opp
annonser i Noreg om jobb og sel desse opplysningane vidare til arbeidslause.
Latviarane kom til Stord 18. juli og vart innlosjerte på ulike campingplassar. Arbeidsgjevaren i Ålesund hadde lova å betale for opphaldet, noko som ikkje skjedde. Dermed vart dei kasta ut, bortsett frå den eine plassen der arbeidarane betalte frå eiga lomme.
Pengar rett i handa
Den eine av dei fire arbeidarane reiste heim att då dei ikkje fekk utbetalt
løn. I følge deira eige utsegn har dei fire totalt fått utbetalt 13.900
kroner for ein månads arbeid. 12.000 vart utbetalt første veka sidan kom det
to «utbetalingar» på 1.000 og 900 kroner. Noko arbeidskontrakt hadde dei
ikkje, og pengane fekk dei rett i handa. Til slutt skjønte dei at dei vart
lurde for pengar, og troppa opp hjå Fellesforbundet for å be om hjelp.
– Me vil hjelpa dei til å få ut løna dei har krav på. Det er snakk om fleire titals tusen kroner, seier Agdestein, som ventar på å få timelistene frå latviarane. I dag har dei meld Norsk stigesalg og vedlikehold inn til Arbeidstilsynet og UDI.
Ny jobb, garantert løn
Fellesforbundet har no hjelpt dei tre latviarane til å få ny jobb. I neste
veke byrjar dei i Industripartner Stord AS med ei garantert grunnløn på
127,50 per time.
– Dette er røynde arbeidsfolk som ikkje fortjener dårleg handsaming av useriøse arbeidsgjevarar, sukkar Agdestein som seier at det er langt frå fyrste gong dei hjelper utenlandske arbeidstakarar som har havna i liknande uføre.
Hundre Fellesforbund-medlemmer ved Reinertsen Installasjon har hatt en gå-sakte-aksjon gående i tre uker. De gir seg ikke før de får et skikkelig lønnstilbud fra arbeidsgiveren. Les mer
Fellesforbundet vil vurdere å varsle streik for reisebedriftene i offshorebransjen dersom de ikke vinner fram med rettferdighetskrav i tarifforhandlingene. Les mer
Gå-sakte-aksjonen i Reinertsen Installasjon kan bli avblåst i løpet av dagen. Partene er nå i dialog. Les mer
Den norske lønnsveksten har vært god. Men ikke fullt så god som veksten i verdiskapningen, skriver Ali Esbati. Les mer